torsdag 10. april 2008

Dag 3

Idag skulle eg ikkje være på Sviggum Design. Sviggum skulle møte dei han arbeida for derfor måtte eg være ein anna plass. Derfor tenkte eg at eg like gjerne kunne ha eit møte med IL Bjørn og få vite kva dei synst om sia. Eg møtte Leif kl. 10 og viste fram sida. Eg gjekk igjennom valga som var gjort med designet samt meir. Leif var imponert og fornøgd, men hadde to ønske. Kva er bryting? skulle ha med litt om historia til brytinga og me måtte ha med ei side med bilde, alder og meritterne til alle bryterne.

Eg hadde litt problem med å komme tilbake til Hafslo og var ikkje heime før i 12 tida. Eg valgte derfor å bli heime og å jobbe med sia der siden eg syns det var lite meining i å dra ut til Sogndal for å gjere noko eg kunne like gjerne gjere heime. Eg byrja med brytarsia og å fikse på artiklane.

Det er eit problem. For å gjere brytarsia treng eg bilete av kvar av bryterne, alder deira og kva dei har gjort i bryekampar. Å skaffe bilete av alle bryterne blir kanskje vanskelig å å tak i før veka er over. Alder og meritter er ikkje like vanskelig.

Ingen kommentarer: