mandag 8. desember 2008

Entrepenørskap 08.12.08

Eg har arbeidt med redigering av film for det meste, noko som passer meg heilt flott. Filmene eg har redigert på er summeringen av kva som skjedde på Eid og presentasjonen av skulen. Er det noko in fort lære så er det at mikrofonane er ikkje dei aller beste her på skulen. Til og med når ein har ekstra mikrofon har lyd ein tendens til å bli for låg eller for full av støy. Takk gud for Lowpass.

Redigeringa har gått ganske gjevnt og trutt, men me møtte eit lite problem når me mista mykje av det me hadde tatt opp frå ein av linjene. (Til presentasjonen av skulen) Derfor ligg me litt etter.

Eg har tidlegare vært med ei gruppa og arbeidt på heimesia, dessverre fekk me ganske dårlege kunder. Me fekk få beskjeder om kva dei ville ha og måtte berre lage nettside utan å ha fått nokon verkeleg informasjon frå dei. Nedanfor er bilete av sida.

mandag 27. oktober 2008

Entrepenørskap 27 oktober

Entreprenørskap kan forklarast som så mangt, men den enklaste forklaringen ville nok være å sei at det er å starte si eiga bedrift. Og det er nettopp dette me i 2MKA på Sogndal VGS har dreve med.

Personeleg har eg dreve hovudsakleg med to ting: lage ein presentasjonsfilm av skulen og heimesia til Fredheim Maskin og Betong.

Det går bra med filmen. Me har skaffa film av fleire av linjene, men det er mange igjen. Det slaø bl interessangt når me skal klippe den aman att å sjå heilt korleis han blir.

Det er lite å seie om heimesia, eg har snakka med Fredheim Maskin og Betong, men ventar fortsatt på svar. Eg har sent "purring."

fredag 23. mai 2008

Prosjekt til fordjupning 20.05

Me eksporterte filmen og jobba me raport og presentasjon. Det er ikkje mykje å kommentere. Me er ferdige.

tirsdag 20. mai 2008

Prosjekt til fordjupning 19.05

Filmen var så godt som ferdig når me begynnte på dagen og etter nokre timar med finpussing så var me ferdige. Me finnpussa litt på lyden og fekk den rett og jobba litt med lydeffektar. Me prøvde å eksportere, men fekk det ikkje heilt til. Me bestemmte oss for å snakke med Ragnvald neste dag og heller få hjelp der.

fredag 16. mai 2008

Prosjekt til fordjupning 13.05

Når me møtte opp på kulen var all animeringa ferdig, Anders hadde noko som måtte finpussast, men me kunne byrje å redigere. Me begynnte med å ta opp stemmen til Skybert, samt nokre av Simens replikkar. Dagen gjekk bra og filmen er på veg til å bli ferdig.

lørdag 10. mai 2008

Prosjekt til frodjupning 09.05

Det er ikkje mykje å rapportere om dei siste dagane. Etter to timer om karakterbygging var me klare til å byrje å animere igjen. Me satt resten av dagen og animerte. Animasjonen er ikkje ferdig, men me trudde heller aldri at me skulle bli ferdig, me "planla" å gjere litt arbeid heime. Planen var rett, det blir ein del heimearbeid, men ikkje noko me ikkje kan takle.

torsdag 8. mai 2008

Prosjekt til fordjupning 06.05

Første delen av dagen hadde me ein slags "brain storming." Me satt med Ola og diskuterte ideane våre for å sjå om dei "holdt vatn." Rundt 12 tida byrja me med animeringa igjen. Å animere motion og munnar er tidkrevande arbeid, eg begynne å lure på om me kjem til å klare å halde planen. Problemet er ikkje større enn at me må gjere ein del heimearbeid då.

Animasjonen ser god ut så langt syns eg. Det skal bli interessant å sjå det når me får lagt inn musikk og lyd.

Prosjekt til fordjupning 05.05

Idag byrja me med motion. Det vil sei at me byrja å legge dei animerte figurane i bvegelse, stort sett å lage filmen. Me held skjema så langt og ting ser bra ut. Det er ikkje mykje å sei, me berre sett å animerte for det meste.

tirsdag 29. april 2008

Prosjekt til fordjupning 29.04

Etter ein gjennomgang av lyd med Ragnvald byrja me å arbeide med animeringa rundt klokka 11. Me fortsatte med bakgrunnane og er nesten ferdige. Eg gjorde ferdig Simen, Mr. X og Roald. Rundt kl 14.00 satte me på ein film for å bli inspirert. Filmen var "The Great Dictator."

Mens me såg film arbeidde me med bloggande samt litt animering.

Ei scene frå The Great Dictator kan du sjå her.

Prosjekt til fordjupning 28.04

Idag fortsatte me med animeringa. Kjøkken og Ænes framifrå var allereie ferdig. No skulle eg fortsette med Ænes sidefrå samt Simen og Fru Karlsen. Eg arbeidte med animeringa heile dagen.

Eg jobba også litt med musikk, ikkje noko med å lage, men var litt på Youtube og såg på forskellige filmklipp for å få ein ide om korleis musikken skulle bli.

Nokre "inspirsjonskjelder" kan du sjå her.

Prosjekt til fordjupning 25.04

Dagen byrja med at me gjorde ferdig storyboard. Me gjorde også litt finpussing på manuset. Nokre settningar vart endre. Nokre bilete vart også lagt til i nokre scener. Me var no framfor skjema, me hadde ikkje planlagt å bli ferdig med manus og storyboard før på slutten av dagen, men me vart ferdig i 11 - tida. Me byrja så med animeringa, eg skulle animere kjøkkenet og heile Ænes.

All animering vart gjort på Flash. Hovudsakled brukar eg berre Pen Tool når eg animerer. Etter ein del fundering bestemte me oss for å bruke ein designstil ganske så lik den serien "South Park" bruakr. Dette valte me på grunn av tidsgrunnlag, samt ser designet godt nok ut og er ikkje like avansert.

Du kan se noko frå south park her

fredag 11. april 2008

Day of Defeat 5

Den siste dagen er her. Det same problemet er fortsatt her. Eg har ikkje alt stoffet eg treng til å gjere ferdig sia. Idag vart det ikkje så hard jobbing sia det ikkje var så mykje eg kunne jobbe med. Eg la til nokre fleire bilete finnpussa litt meir på artiklane. (Du har ingen aning kor mange skrivefiel eg skrive.) Samt jobba litt meir med designet, dette var for det meste ekspimentering. Sia designet var forsåvidt ferdig, leikte eg meg med fleire idear, legge til smådetaljar, osv. Etter mykje eksprimentering var resultatet berre atteg la på skygge her og der. Ikkje stort med andre ord.

Det er ikkje så mykje meir å seie. Men eg føler eg kan avslutte med nokre tankar. Utplassering har vært ein kjekk og positiv opplevelse, og sjølv om å sei eg har blitt "motivert" er litt sterkt kjem eg ikkje på noko anna å kalle det. I tilleg har eg fått lyst å lære meg html kodar, men sia eg skal ha flash i prosjekt til fordjupning får heller å lære html være "sommerprosjektet" mitt.

This is mediastudent Simon B. Venjum, signing off.

Dag 4

Idag gjekk som andre dagar. Eg møtte opp og arbeidte, men uheldigvis manglar eg stoff for å gjere ferdig sia, så eg hadde ikkje så mykje eg kunne gjere idag. Eg lagg inn meir informasjon og finpussa på brytar sia. Såg litt på artiklane. Men det var eigentlig ikkje så mykje meir eg kunne gjere. Eg får ikkje tak i bilda og info-en eg treng før kanskje etter helga, å sia kjem ikkje til å være heilt ferdig når eg er ferdig med utplasseringa.

torsdag 10. april 2008

Dag 3

Idag skulle eg ikkje være på Sviggum Design. Sviggum skulle møte dei han arbeida for derfor måtte eg være ein anna plass. Derfor tenkte eg at eg like gjerne kunne ha eit møte med IL Bjørn og få vite kva dei synst om sia. Eg møtte Leif kl. 10 og viste fram sida. Eg gjekk igjennom valga som var gjort med designet samt meir. Leif var imponert og fornøgd, men hadde to ønske. Kva er bryting? skulle ha med litt om historia til brytinga og me måtte ha med ei side med bilde, alder og meritterne til alle bryterne.

Eg hadde litt problem med å komme tilbake til Hafslo og var ikkje heime før i 12 tida. Eg valgte derfor å bli heime og å jobbe med sia der siden eg syns det var lite meining i å dra ut til Sogndal for å gjere noko eg kunne like gjerne gjere heime. Eg byrja med brytarsia og å fikse på artiklane.

Det er eit problem. For å gjere brytarsia treng eg bilete av kvar av bryterne, alder deira og kva dei har gjort i bryekampar. Å skaffe bilete av alle bryterne blir kanskje vanskelig å å tak i før veka er over. Alder og meritter er ikkje like vanskelig.

tirsdag 8. april 2008

Dag 2

So var me klare for dag 2 av utplasseringen. Den var ganske lik den forige. Eg hoppa på bussen for til Sogdal og ca 09.15 ankom eg Sviggum Design klar for ein ny runde. Igjen jobba eg hovedsakleg med heimesida. Den første delen av dagen brukte eg på design. Sia føltes si tom. Eg valgte derfor å legge til noko. Ideen originalt var å teikne inn Sogn og Fjordane med alle kommunane, ha svak rødfage på alle kommunane utanom Luster som skulle ha sterk rødfarge. For å symbolisere klubben sia den er i Luster. Etter at tegninga var ferdig gjekk det op fo meg at dette ville nok ikkje folk forstå. Dei ville ikkje skjønne att dette var Sogn og Fjordane og at den røde plassen var Luster.

Derfor fjerna eg teikningen og byrja på ein ny. Denne gangen av Noreg. Eg valgte å fjerne "toppen av Noreg slik at tegningen ikkje skulle bli for stor, men at ein fortsatt skulle skjønne at dette var Noreg. Alle fylka vart teikna inn og Sogn og Fjordane var markert med rød. Eg følte dette ville fungere sia IL Bjørn Brytegruppe er den einaste bryteklubben i Sogn og Fjordane.

Etter att eg var ferdig med dette byrja eg på artiklene. Eg ville sia skulle være godt informert for dei som ikkje visste så mykje om bryting. Eg skreiv deror ein artikkel kallt "Kva er bryting?" Artikkelen gikk ut på å forklare litt lett om brytesporten. Lett om reglar og liknande.

I tilleg vart "Kontakt oss" skrevet, "Eg har lyst å byrje med bryting" og "Brytegruppa" skrevet. Eg trur tittlane forklarar godt nok kva dei handlar om. Alle desse artiklane var såklart bare første utkast og fulle med skrivefeil og punkt som må finpusses.

Forsåvidt hadde eg ikkje problem med noko og dagen gjekk ganske så bra.

Emergence Day 1

Det er no veke 15. i 2007 og det betyr at me på media og kommunikasjon skal ha utplassering. Eg er på Sviggum Design i Sogndal. Så mandag morgen trallta eg meg til Sogndal og byrja utplasseringa mi på Sviggum Design. Eg kom inn, introduserte meg, fekk ein kopp te (Earl Grey btw, veldigt god) og satt meg ned og arbeidte.

Det var for det meste allt er gjorde og det var eigentlig ganske greitt. Heile dagen arbeidte eg med mi oppgåve for utplasseringen; eg skal lage ei heimeside for Il Bjørn Brytegruppe. Det hendte at eg fekk nokre spørsmål stilt, men meir enn det var det ikkje. Berre jobb. Problemet med dette var vel eigentlig at når det gjaldt heimesida hadde eg lite å arbeide med. Få bilde og allt som skulle være på sida måtte eg finne på samt skrive. Og å skrive artikklar er ikkje mi sterke side.

Men allt i allt var dagen: Awesome!

onsdag 30. januar 2008

Mitt Oslo

Var på klassetur til Oslo og fekk i oppgåve å lage ei bildeserie kallt "Mitt Oslo." Serien er på 10 bilete og tatt med eit "snapshot" kamera. Du kan sjå det her.

onsdag 16. januar 2008

Andre Goes Hardcore

Alltid ute etter å irritere klassekameraten min Andre, men denne gongen gjekk me litt vekk frå den gamle "emo vitsen." Samt vil dette neppe irritere han, men det er utruleg kva du finn på når du kjedar deg og eigentlig skulle øvd på prøve. Biletet er enkelt laga, Andre leikte seg me kameraet mitt her om dagen. Eg berre la det inn på illustrator og "teikna" det. Klart etter å øke kontrastane i Photoshop, so fjerna eg det eigentlige biletet.

fredag 11. januar 2008

Illustrator

Ein enkel tegning av siluetten til ein banan laga med Illustrator.

onsdag 9. januar 2008

Komposisjon



Ikkje lenge sia hadde me ein gjennomgang i komposisjon. Me fekk så i oppgåve og lage to bilete ved hjelp av tre bokstavar. Eit skulle være harmonisk og uttrykkje sorg, det andre skulle være kaotisk og uttrykkje glede.

Det til venstre er glede og det nedanfor er sorg.