mandag 8. desember 2008

Entrepenørskap 08.12.08

Eg har arbeidt med redigering av film for det meste, noko som passer meg heilt flott. Filmene eg har redigert på er summeringen av kva som skjedde på Eid og presentasjonen av skulen. Er det noko in fort lære så er det at mikrofonane er ikkje dei aller beste her på skulen. Til og med når ein har ekstra mikrofon har lyd ein tendens til å bli for låg eller for full av støy. Takk gud for Lowpass.

Redigeringa har gått ganske gjevnt og trutt, men me møtte eit lite problem når me mista mykje av det me hadde tatt opp frå ein av linjene. (Til presentasjonen av skulen) Derfor ligg me litt etter.

Eg har tidlegare vært med ei gruppa og arbeidt på heimesia, dessverre fekk me ganske dårlege kunder. Me fekk få beskjeder om kva dei ville ha og måtte berre lage nettside utan å ha fått nokon verkeleg informasjon frå dei. Nedanfor er bilete av sida.