tirsdag 6. januar 2009

Portfolio - Vinter


Vinter

Dette er ein enkel collage med temaet vinter. Eg har prøvd å bruke mykje lyse fargar slik at dei grøne kontrastane skin godt igjennom. Kvart bilete er svært enkelt oppbygd og bruker horisontale og vertikale linjer for å vise motiva sine. Det gylne snitt er brukt og eg føler motiva blir vist godt fram.

Bileta er alle behandla i Photoshop, lite vart gjort her. Alle bileta fikk økt kontrastar og litt mindre eller meir saturation. Strået vart gitt veldigt høg saturation for å gi det meir farge så det skeinn igjennom. Samt brukte eg clone tool til å fjerne fleire mange ureinheitar i snøen. Alle bileta er cropa for å fjerne unødvendige element i bileta.

Eg har prøvd å skape eit bredt bilete av vinter med å vise fleire forskjellige situasjonar. Fjella som blir dekka i snø, strået står aleine i snøen, dei grønne trea og låvene som står aleine oppi lia og må ta vanskligheitane vinteren bringer utan hjelp frå menneske.

Det er ingen menneske i biletet, samt få ting som minner om det moderne liv. Eg har alltid vært fasinert av det "gamle" Noreg og ville at det skulle minne meir om det. Derfor er låven med.

Kompetansemåla mine er: "bruke blender, lukker, brennvidder og ISO-verdier på kameraer" og "velge og bruke utstyr og programvare tilpasset produkt og rammevilkår."

Eg er fornøgd med resultatet, men har klart mange klagar. På strået er det for høg saturation noko som ikkje berre øydelegg kvaliteten, men får det også til å stå ut meir enn det skulle. Den fine skoggrønnfargen som er i greinbiletet er fargen eg likte best og det er heller noko meir lignande den eg skulle hatt på strået. Alikevell er eg fornøgd.

Ingen kommentarer: