mandag 12. januar 2009

Portfolio - Bjørn mot Veitastrond

Portofolio – Bjørn mot Veitastrond

Når me skulle har radio i haust vart det igjen det store spørsmålet om kvae in skulle dekkje. Etter litegrann hovudbry gjekk me for å lage ein reportasje om ein fotballkamp som snart skulle være mellom Bjørn IL og Veitastrond.

Eg møtte opp på kampen (Andre som var på same gruppe som meg var der og, men han skulle spela for bjørn og kunne derfor ikkje stå for mesteparten av intervjua) Me hadde bestemt at me ville intervjue trenarane for begge laga både før og etter kampen.

Etter å ha fått tatt opp begge intervju satt eg meg for å sjå kampen, med pre-recording på sjølvklart. Me fekk tatt opp store mengder kontentum til å bruke i saka. Når kampen vart ferdig gjorde eg eit intervju med Veitastrond sin trenar og Andre gjord eit med bjørn sin

Me valte å bruke eit svært klassisk oppsett på saka, intervjua seier meiningane og følingane til laga mens blokkane driv reportasjen framover. Kontentum blir brukt aktivt for å forsterke blokka og skape nærheit.

Når saka var ferdig var me fornøgde, men ikkje med alt. Me skulle hatt eit intervju til med nokon frå publikum for å få meir av deira meiningar. Byrjinga manglar noko meir for å dra deg meir inn. Samt skulle me ha lest opp blokkene på nytt for me høyrast litt for ”stive” og ukomfortable ut.

Læreplanmåla mine var: ”planlegge, gjennomføre og vurdere produksjonar i tekst, bilde, lyd og kombinasjonar av disse i ulike formater og til ulike medium” og ”bruke ulike dramaturgiske modeller i egne produksjonar og drøfte dramaturgien i egne og andres produkt.”

Link

(Beklager at det er seint, har strevd med podomatic.)

Ingen kommentarer: