fredag 9. januar 2009

Portfolio - Best, men likevel ikkje populær

Når me skulle byrja å skrive nyheitsartiklar hadde det nettopp våre ein landsdekkande test som rangerte kommunane etter kor "gode" dei var. På plass nummer 1. var Luster Kommune, men Luster låg langt under på tilflyttning. Det var dette eg ville finne ut meir om.

Diverre hadde eg brukt mykje tid på å finne ut kva eg skulle ha om så eg hadde ikkje så lang tid på å skrive saka. Eg ville prøve å dekkje saka frå fleire sidar, derfor ville eg intervjue ein innbyggjar samt ein som arbeida i kommunen.

Når eg først fikk byrja gjekk alt ganske raskt, eg tok nokon telefonar og etter ei lita stund hadde eg begger intervjuobjekta mine. Moten Heggestad og Olav Grov, næringssjefen i Luster Kommune.

Eg intervjua Olav Grov over telefon grunna at eg ikkje hadde tid til å dra til Gaupne for å intervjue han. Til biletet valgte eg å ta eit bilete av Morten Heggestad istanden, grunna at han var den einaste eg faktisk møtte for å intervjue.

Læreplanmåla mine var: "planlegge, gjennomføre og vurdere produksjoner i tekst, bilde, lyd og kombinasjoner av disse i ulike formater og til ulike medier" og "bruke yrkesfaglige arbeidsmetoder innen journalistikk, informasjon og reklame, tilpasset målgruppe og medium i egne produksjoner."

Alt i alt er eg fornøgd med saka, men det er fleire småting. I byrjinga seier eg ikkje kva testen heitte, noko som eg faktisk ikkje har klart å funne ut. Det følast som om biletet ikkje heilt passar inn ogflyt ikkje så godt med saka. Eg ville gjerne ha hatt enda ein meining frå nokon anna, altså endå eit intervjuobjekt for å få eit endå breiare syn på saka. Bileteteksten er også ganske svak. Samt litt meir, men eg er alikevel fornøgd.





Luster Kommune – Best, men likevel ikkje populær

Ingress: Under ein landsdekande test av alle kommunane i Noreg enda Luster kommune opp som nummer ein på lista, men rart nok, det er få som flyttar til Luster Kommune.

- Me er veldig stolte over resultata på undersøkinga, seier Luster kommunes Næringssjef Olav Grov. – Me har lita tilflytting, men dei kommunane som ligg høgt på desse testane har vanlegvis låg tilflytting.

Sjølv om Luster vant testen forsikrar Grov at dei har langt ifrå tatt det med ro. – Ein må alltid jobbe for å forbetre seg, det er alltid ting ein kan gjere betre. Denne testen er berre ein blant mange andre testar me har og går igjennom til vanleg.

- Det er tilflytting me ligg etter på og me håper å bruke testen til å ”reklamere” for kommunen. Det er ikkje mykje, men ein bruker det ein får og fohåpentligvis vil nokon undersøkje Luster grunna testen, seier Grov.

God kommune, men litt kjedelig

- Luster er ein fin kommune å bu i, men kan være litt kjedelig for ungdommar. Kommunen har gode tilbod innanfor utdanning og eldreomsorg, ifølge Morten Heggestad. – Det er også gode tilbod på sport og musikk.

- Uheldigvis er det lite å gjere på når du er ungdom, det er få arrangement for ungdom bortsett frå Parken om sommaren, fortsett Heggestad. - Ikkje misforstå eg har ingen planar om å forlate Luster med det første, men når du blir eldre er det færre og færre arrangement for deg.

Mindre folk

Ikkje berre ligg Luster lågt på tilflytting, men fleire av dei små bygdene i Luster har vorte mindre over tida.. – Det er nok ikkje heilt så enkelt, sjølv om det ikkje er like mange folk i fleire av bygdene lenger, vil eg ikkje sei me blir mindre. Hafslo for eksempel har hatt stor vekst, eg trur det heller er dei verkeleg små bygdene som Veitastrond og liknande som held på å forsvinne, sjølv om dei er fine plassar å bu er det ikkje like attraktivt å flytte dit lenger, seier Heggestad.

- Kommunar som er høgt oppe på desse testane er vanlegvis ikkje dei med stor tilflytting, fordi me har låg tilflytting klarer tenestene å halde følgje, i kommunar med høg tilflytting klarar ein vanlegvis ikkje å byggje ut tenestene raskt nok, seier Grov.

Mulig asylmottak

- Me har som fleire kommunar fått forespørsel om me kunne tenkje oss å ha asylmottak i kommunen, men dette er berre på diskusjonsnivået så å sei. Ingen planer eller faste besluttningar er gjort så langt, fortelje Grov.




Biletetekst: Morten Heggestad (til venstre) og Johannes Finnstad (til høgre) Foto: Simon Bjarneson Venjum

Ingen kommentarer: